Våre tenester

Takplater og takrenne

Eit av våre tilbodsområde er takplater og takrenner. Visste du at takplater kan få taket ditt til å stråle? Og vi stoppar ikkje der. Vi gir deg også Grøvik takrenner – fordi eit fantastisk tak fortener intet mindre enn det beste!

Beslag og pipehattar

Vi lagar alle variantar av beslag. Hos oss får du også alle størrelsar av pipehattar og takhattar til lufting. Våre pipehattar er som krona på verket, og våre takhattar gir luftinga di litt ekstra stil!

Ventilasjonsanlegg og sentralstøvsugar

Lufta rundt oss er viktigare enn vi trur! Hos oss får du alt du treng til din bustadventilasjon og større prosjekter. Vi har stort utval innan alt frå spirorør, spirodeler og ventilasjonsaggregat. Eller treng du sentralstøvsugar? Vi har det du treng!

Maritim brannisolering

Vi er ekspert på maritim brannisolering. Treng du utstyr til å brannisolere maskinrommet på båten? Hos oss finn du produkt i alle størrelsar. Vi har også isolasjon til innreiing av båtar.

Brannisolering av eksos

Treng du eksosputer? Vi formsyr eksosputer til alle slags formål, med hovudgrein i eksospotter på båt. Vi formsyr ut ifrå dine mål, og bidrar enten det er til båt eller andre eksospotter.

Vi hjelper deg med ditt neste prosjekt

Skroll til toppen