Våre tenester
Ei skinnande to-generasjons suksesshistorie
Vi er ikkje berre ei blekkslagarbedrift, vi er Naustdal Blikk! Vi har blomstra ut i frå Naustdal Blikkenslagerverksted AS som vart skipa av Arne Jens Larsen tilbake i 1986.
I nyare tid starta Ole Martin Larsen opp Naustdal Blikk, og har tatt over drift og verkstaden frå Naustdal Blikkenslagerverksted. Han har lang erfaring, og vore tilsett i blekkslagarverkstaden sidan 2011.
På alle desse åra har vi etablert ein topp moderne verkstad og mykje kunnskap i faget.